BSK 2009 - CD utgjeving

Hei!

Det er med gleda eg kan formidla at året 2009 for BSK vert meir innhaldsrikt enn fyrst anteke. Me hadde i utgangspunktet innstilt oss på eit år utan nye songoppdrag. Årsaka var at 2 medlemmar hadde (Øystein og Kjell Arne) planar om å reisa ut i militæret.
Øystein fekk etter mykje om og men, endeleg klarsignal om at han var ynskja som sivilarbeidar på Tryggheim, noko han sjølvsagt var villig til å gjennomføra.
Kjell Arne reiste til Oslo for nokre dagar sidan, der han skulle vidare til Bardufoss for å avtena eit år der oppe. Men den gong ei. Han kom ikkje lenger enn legesjekken i Oslo, då han for ei stund sidan brakk eit lite bein i fotbladet for nokre veker sidan. Rett heim!!:)

No har det seg slik at me er same gjengen samla igjen, som de sikkert skjønar. Og det åpnar for nye moglegheiter.

Det som inntil no har vore ein liten hemmelighet er at me er i full gang med utarbeiding av den fyrste cd- en til BSK, og den vert mest sannsynleg ferdig ein gong utpå våren. Det gler me oss mykje til. I den forbinding så er me alle travelt oppteke med dette. Det medførar lite songoppdrag før sumaren. Håpar mange kjøpar denne når den er ferdig. Eit evt overskudd skal gå til eit misjonsprosjekt, så de støttar i så tilfelle ei god sak.

Me har nettopp hatt årsmøtet. Der vart me einige om å starta opp igjen etter sumaren, og at me trappar ned oppdraga frå 2 gonger i månaden, til 1 gong. Det vil seie, om de vil at me skal koma og syngja for dykk. Ver tidleg ute.

Ny leiar og kontaktperson for året er Kjell Arne Refstie. Tlf. nr står til høgre på denne sida.

Én kommentar

Birgitte

21.01.2009 kl.23:37

Konge!! ;o)

Skriv en ny kommentar

hits