Mannsmøtet på Tonstadli 24-26 oktober!
Nå har me kome heim og er i det vante gjenge att. Det vart ei brutal omvelting frå det gode liv på Tonstadli.:)
Mat stod i høgsetet denne helga. Både bokstaveleg og andeleg talt. Frokostinntaket vart meir omfattande enn vanleg, då alskens pålegg m/brød låg klar til inntak.
Etter frokost var det bibeltime, der god forkynnelse og sang kom til sin rett. Kjell Trodahl og Anders Olsen var ledarar på denne helga, og gjorde ein utmerket jobb med det. Fyrstnevnte var meget ivrig på volleyballen og drog oss unge med i "ballsalen" rett så det var.
Middagane under denne helga var nesten farleg gode. All ære til kjøkkenassistentane. Det skal seiast at desse assistentane var damer, men det har visst blitt godteke under benevneslsen "mannshelg".
Meg og Jon måtte ha oss ein time med fysisk fostring då samvetet tok overhånd.:)
Her er nokre bilete frå helgå, fotograf: Kenneth Syvertsen.
Vil de sjå resten av bileta, gå inn på:
http://picasaweb.google.no/syvken/20081125Tonstadli?authkey=JuUY-x0BPU0#

Her er me alle samla på kveldsmøtet Lørdag.

Alf Helge var med oss denne helga og gjorde ein utmerket jobb "bak spakane" som erstatning for Ole.

Middag på sundag. Fløtegrattisar og oksekjøtt m/tilbehør. Heilt fantastisk!!

Eit lite fotoeksperiment langs elva. Mange takk til Kenneth Syvertsen som var villig til å ta bilete av gjengen.

Noko rart skjular seg i lia. Hmm.. kva var det me såg tru?

Alf Helge var tydelig ivrig etter å hoppa i fossen. Det ville ikkje Øystein tillate.
Mange takk for at me fekk invitasjon til å koma denne helga. Om me har bemanning til neste år, stillar me gladeleg igjen.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Til helga reiser me i BSK på mannsmøtet til Tonstadli. Det gler me oss voldsomt til, og håpar og trur det vil verta ei helg med mykje god forkynning og god sang.
I tillegg har eg fått nokre hint om at maten vil verta ein framtredande faktor under denne helga. Så alle mannfolk med respekt for seg sjølve burde jo eigentleg delta denne helga. Sosialt samvær er og viktig, og det kjem utvilsomt til å bli mykje latter og drøs. Volleyball om nattå feks!:)
Til alle menn: still opp, dette vert gøy!

(Beklagar størrelsen på programmet, men dykk med skarpt syn klarar kanskje å tyda det)

Øystein
21.okt.2008 kl.22:22
Gjermund
22.okt.2008 kl.23:32
Øystein
23.okt.2008 kl.17:04