Friluftsgudsteneste på Stavtjørn 31/08- 08

Det vart ein verdig avslutning for den siste sumardagen i året 2008. Friluftsgudstjeneste på Stavtjørn stod for tur. Noko tilsvarande hadde me aldri vore med på før, så me var ikkje seine om å takka ja når forespørselen låg på bordet. Me reiste opp i halvskya ver og 14- 15 plussgrader. Det var litt vind som baud på visse utfordringar når pianistar skulle lese noter, men elles gjekk det veldig greit.

Eg må seie det var noko spesielt å sitja å lytta til Guds ord i fri natur. Det som han har skapa for at me skal få utfolda oss i, det var fint. Og akkurat i det presten skulle byrja med talen så bikka sola over åskammen. Kunne ikkje verta betre.



img1834'

Ein imponerande mengde med godtfolk hadde teke turen til Stavtjørn denne fine dagen.





img1849

Her syng med for heile stavtjørn, med presten skimtande i bakgrunnen. (vikarierande prest forøvrig)



img1851

Jon G stødig som få. Sjølv utan noter trakterte han pianoet som han pleier.



img1859

Søskenbarn Solveig m/ mann. Navn på mann: Oddvar Z, tidligar syngjande tenor i BSK.


img1861

Øystein i steget. Alltid på veg til eit eller anna.


img1862

Fritjof hadde høyrt rykter om ein brus utan om det vanlege. Ein pærebrus som ikkje var å oppdriva på desse kanter smakte usannsynleg godt, og det var det fleire som visste å utnytta.



img1856

Her sit opphavsmannen til den gode brusen. Forteljinga seier at Jon og Bente reiser til sunmøre kvar sumar for å hamstra inn denne sjeldne pærebrusen.



img1864

Birgitte prøvar ut alskens nye positurar for å få det perfekte blinkskudd


img1866

Etter gudstenesta var det sporlek. Der var det fleire som hang seg på. Eg måtte ta avgarde då eg skulle gå over heia tilbake igjen. Her er eg på veg opp skitrekket. Og eg nyttar difor høve til å slengja med nokre blinkskudd frå turen.


img1875

Ein blom..:)


img1883

Ei drua..:)


img1892

Ein blom atmed ein bekk..:)


img1916

Utsikt utover heia!


img1923

Denne lille krabaten vart nok litt skuffa då eg ødela nettet som han så fint hadde laga.


img1929

Snart nede ved bilen som stod og venta på meg. Ein fin tur var det!

4 kommentarer

Frithjof

13.09.2008 kl.21:25

D va ein flotte opplevelse d dær!

Øystein

15.09.2008 kl.20:09

Dæ va rikt!

Øystein

15.09.2008 kl.20:10

Forresten, ei drua på rambjørheiå??

Gjermund

15.09.2008 kl.23:19

Hehe.. Ja, rambjørgheiå kan by på mykje ein ikkje er forberedt på. Me er fargeblinde me vett du, då kan ein skriva slike ting.:)

Skriv en ny kommentar

hits