BSK på Lura bedehus fredag 08.08.08

Me reiste til Sandnes nærare bestemt Lura denne fine fredagskvelden. Der var det emmausmøteveke, og me var så heldige å vera invetert.

Jon Petter Nordbø haldt ein bibeltime for oss fyrst der han snakka om kor rike me er me som har Jesus. Det var fint å høyra på. Me fekk etter kvart sleppa til, og etter den fyrste delen av møtet var det pause. Der hadde dei varta opp med hamburger, saft og kaffi. Det smaka godt. Me fekk det gratis til og med, det var stort.

Etter pausen haldt Erling Yrkje ein innhaldsrik og tankevekkjande tale. Noko av det han snakka om var ungdommen. At me må lytta til kva Gud har å seia oss, fylgja det og stola på han.
Så fekk me syngja litt igjen og så var møtet slutt.


img1646

Kjetil var heime, men som de ser så er han ikkje blant oss her. Uvanleg mange som kunne vera med denne kvelden, og det er jo alltid kjekt. Ein goe gjeng!:)



img1647

Men her var han jo. Jon Gunnar kunne ikkje vera med denne kvelden, så då måtte Kjetil steppa inn på piano. Sang gjorde han og. Den mannen sluttar aldri å imponera. Men me sakna deg Jon, så neste gong må du vera med.


(beklagar dette innlegget kom noko seint på trykk)

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits