BSK på bedehusjubileum

Barnekoret, musikklaget, Bjerkreim syngjande kameratar og ungdomskoret var syngjande representert på denne kvelden. Mangfaldet i Bjerkreim er stort og det er kjekt å vera ein del av.

Anna Bakke holdt eit opningsord. Oddmund Brundtland tala til oss og Terje Slettebø representert frå Indremisjonen var og på talarstolen og haldt ei helsing. Me fekk også sjå ein film frå bygginga på ca ein halvtime. Det var morosamt å sjå. Mange gode kommentarar frå dugnadsgjengen.;)

Bedehuset var heilt fullsatt, og eg har ikkje vore på tilstelningar der det har vore meir folk. Og maten lot ikkje vente på seg då bordverset var ferdig. Eg vart mett!:) Ein gild kveld var det..

img0637

Én kommentar

Øystein

06.04.2008 kl.22:34

Du må potta skjortå bære neri bokså Jon G:)

Skriv en ny kommentar

hits