Å kor rik eg er

Å, kor rik eg er, eg har Jesus!
Eg for Gud er kjær gjennom Jesus.
Eg har Gud til far, himmelarv eg har.
Å, kor rik, å kor rik eg er! 

Å, kor trygg eg er, eg har Jesus!
Heim til Gud eg fer, takk skje Jesus.
Er eg veik og arm, han er sterk og varm
Å, kor trygg, å kor trygg eg er er! 

Å, kor rein eg er, eg har Jesus!
Rettferdsskrud eg ber, takk skje Jesus
Kvar ein syndeflekk blodet vaskar vekk
Å, kor rein, å kor rein eg er! 

Å, kor glad eg er, eg har Jesus!
Alltid nok eg fær, takk skje Jesus.
Bort med sorg og sut, gleda syng eg ut.
Å, kor glad, å kor glad
Å kor glad , å kor glad     
Å kor glad, å kor glad eg er  

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits