Plan for vinteren/våren

Oppdateres stadig

27.11.09 Julemesse,Tonstad Bedehus
13.12.09 Sokndal
28.01.10 Møte, Fredheim Hinna
05.02.10 Møtehelg, Frøyland Forsamlingshus
12.02.10 Saron, Bryne
20.02.10 Møtehelg, Bjerkreim Bedehus
14.03.10 Noreamøte Alèen Bedehus, Lyngdal
26.03.10 Vigrestad
25.04.10 Møte, Vigrestad Misjonshus
01.05.10 1.mai-møte på Tryggheim
29.05.10 Kretsmøte IMF Rogaland, Riska

BSK på Vikeså Msjonshus 1. November, Allehelgenssamling.

No er det ei stund sidan forrige innlegg. Det kjem av ganske naturlege årsakar. Det er fyrst no med verkeleg er i gong med nye oppdrag. Og det er veldig kjekt. Håpar det kan verta ein vane å oppdatera dykk utover.

Her ser de gjengen samla på VM etter allehelgenssamling. Han som står i midten hugsar eg beklagelegvis ikkje navnet på, men han var prest på Helleland om eg ikkje tek heilt feil.
Alle involverte på dette møtet fekk kvar si rose som takk, og det måtte me jo ha bilete av.

Fritjof steppa forøvrig inn for Jon, og han gjorde ein god jobb med å traktera pianoet.


bilde037

Lytt til cd-en

video:bsk teaser

NYHET!!!

ny cd

Våren 2009 har BSK vært i studio hos Rudolf på Karmøy (www.sweetspotstudio.no) . Cd-en er nå for salg!
Du kan forhåndsbestille cd-en ved å kontakte Kjetil (93868549) eller noen andre i BSK. Prisen for cd-en er kr. 180,- (+ frakt) og overskuddet går til radioarbeid i Elfenbenskysten.

Innspelingshelg - bileteserie 2



img9393



img9400



img9395



img9396



img9397




img9398



img9399




mg9532



img9412



img9415



img9422




img9429



img9453



mg9495



mg9561



img9365




mg9379



mg9602



mg9603



mg9618





Innspelingshelg BSK 12 - 15 Mars 2009

Gjengen i BSK har vore i aksjon i platestudio. Det regelrett sitra av spenning og høge forventningar til denne helga, og eg trur samtlige gleda seg stort til å endeleg få lov til å syngja eit profesjonelt platestudio.

Etter litt starttrøbbel så kom me fort inni korleis det var å ha mikrofon på øyra. Sjølv den minste feil vart raskt avdekt, og me måtte ta fleire oppgjer me oss sjølve opp til fleire gonger om at: " det var meg".:) Ein episode skar tydelegare gjennom enn alle andre då Øystein tok vel i med eit rungande "ATSJOO" under siste verset av "Å, kor rik eg er". Då kom det vått frå han: " Æg klarde ikkje holda mæg lenger"..



mg9560


BSK - Bjerkreim Syngjande Kameratar




mg9533


Børge



mg9535


Einar




mg9536


Jon Gunnar



mg9539


Kjetil



mg9541


Kjell Arne



mg9544


Fritjof



mg9545


Øystein



mg9548


Gjermund




mg9523


Oddvar



img9563


Rudolf Fredly

Hjarteleg tusen takk for gjestefridom til deg og din familie. Det var heilt eneståande. Betre kunne det ikkje blitt!!

I denne kjellaren i huset til Rudolf kan du garantert spela så høg musikk du vil utan at naboane lar seg nevneverdig bli merka for livet av den grunn. Her var det isolert til gagns med både det eine og det andre.

Mellom slaga så fekk me innkvartert oss på pauserommet med medbrakt underhaldning. Det gjekk stort sett i FIFA 2009 og Top Gear episodar. I tillegg til det så var det ubegrensa tilgang på kaffi m/ tilbehør. Kaka som me fekk servert smakte fortreffelig. Berre det er grunnlag nok for å koma tilbake å spela inn "BSK volume 2".




mg9527


Eg trur inntaket av kake til denne gutten gjekk litt på bekostning av fiskesuppa me fekk servert seinare på dagen.




img9423


Djupt konsentrert!



img9410


Nokon var meir avhengig av å høyra korleis det låg til på heimefronten. Forresten, har du hol i sokken Oddvar?



img9455


"Cockpiten"



img9366


"Artisttavle":) (No er me med i det gode selskap)



mg9516


Nostalgi


mg9585


Mange takk for kjempegod fiskesuppe på Lørdag og eneståande oppvartning, Trygve.:) Fiskesuppa var unik. Ikkje at eg spekularar i det, men utvalet fiskesortar i akvariet på gangen var av det varierte slaget.

mg9620

På veg heim, på ferja, under ein dings.


mg9613


Eg må få lov, i skrivande stund, å få retta ein stor takk til Kjetil som har lagt ned utruleg mykje tid og arbeid i dette prosjektet, for i det heile tatt å realisera denne draumen. Du har gjort eit imponerande stykke arbeid. Eg trur samtlige beundrar din innsikt og kompetanse reint musikalsk.

Men me har alle bidrege med god innsats denne helga, kvar og ein, og det må me alle ta inn over oss.

Eg håpar dette kan bli ein cd til velsigning for mange, og at dette kan bidra til at fleire kjem til trua, og vert sterkare i trua på den sanne Gud.

Gjermund!













Øvingshelg i Ørsdalen

øystein

øving

ole arnfinn

oddvar og gjermund

oddvar

kjetil

kjell arne

jon gunnar

frithjof

alf helge

ein trøtt teknikar

brge

ving

BSK 2009 - CD utgjeving

Hei!

Det er med gleda eg kan formidla at året 2009 for BSK vert meir innhaldsrikt enn fyrst anteke. Me hadde i utgangspunktet innstilt oss på eit år utan nye songoppdrag. Årsaka var at 2 medlemmar hadde (Øystein og Kjell Arne) planar om å reisa ut i militæret.
Øystein fekk etter mykje om og men, endeleg klarsignal om at han var ynskja som sivilarbeidar på Tryggheim, noko han sjølvsagt var villig til å gjennomføra.
Kjell Arne reiste til Oslo for nokre dagar sidan, der han skulle vidare til Bardufoss for å avtena eit år der oppe. Men den gong ei. Han kom ikkje lenger enn legesjekken i Oslo, då han for ei stund sidan brakk eit lite bein i fotbladet for nokre veker sidan. Rett heim!!:)

No har det seg slik at me er same gjengen samla igjen, som de sikkert skjønar. Og det åpnar for nye moglegheiter.

Det som inntil no har vore ein liten hemmelighet er at me er i full gang med utarbeiding av den fyrste cd- en til BSK, og den vert mest sannsynleg ferdig ein gong utpå våren. Det gler me oss mykje til. I den forbinding så er me alle travelt oppteke med dette. Det medførar lite songoppdrag før sumaren. Håpar mange kjøpar denne når den er ferdig. Eit evt overskudd skal gå til eit misjonsprosjekt, så de støttar i så tilfelle ei god sak.

Me har nettopp hatt årsmøtet. Der vart me einige om å starta opp igjen etter sumaren, og at me trappar ned oppdraga frå 2 gonger i månaden, til 1 gong. Det vil seie, om de vil at me skal koma og syngja for dykk. Ver tidleg ute.

Ny leiar og kontaktperson for året er Kjell Arne Refstie. Tlf. nr står til høgre på denne sida.

Oversikt opptredenar 2008 (oppdatert 18.11)

Haust 2008

Fredag      21/11   Syngja på julemesse på Brusand kl 1900

Sundag     30/11   Syngja på bedehuset kl 1930

----------------------------------------------------------------------------------------------------

Lørdag      13/12   Syngja på Fotland,  Bryne kl 1930

----------------------------------------------------------------------------------------------------

2009

Dessverre så er BSK i den knipa at 2 av medlemmane skal i militæret over nyttår. Det vil seia at me må ta oss ein pause. Kor tid me kjem tilbake kan eg ikkje seia, men at me kjem tilbake er eg ganske sikker på.

Mannsmøtet på Tonstadli 24-26 oktober!

Nå har me kome heim og er i det vante gjenge att. Det vart ei brutal omvelting frå det gode liv på Tonstadli.:)

Mat stod i høgsetet denne helga. Både bokstaveleg og andeleg talt. Frokostinntaket vart meir omfattande enn vanleg, då alskens pålegg m/brød låg klar til inntak.

Etter frokost var det bibeltime, der god forkynnelse og sang kom til sin rett. Kjell Trodahl og Anders Olsen var ledarar på denne helga, og gjorde ein utmerket jobb med det. Fyrstnevnte var meget ivrig på volleyballen og drog oss unge med i "ballsalen" rett så det var.

Middagane under denne helga var nesten farleg gode. All ære til kjøkkenassistentane. Det skal seiast at desse assistentane var damer, men det har visst blitt godteke under benevneslsen "mannshelg".

Meg og Jon måtte ha oss ein time med fysisk fostring då samvetet tok overhånd.:)

Her er nokre bilete frå helgå, fotograf: Kenneth Syvertsen.
Vil de sjå resten av bileta, gå inn på:
http://picasaweb.google.no/syvken/20081125Tonstadli?authkey=JuUY-x0BPU0#

200810251490

Her er me alle samla på kveldsmøtet Lørdag.


200810251506

Alf Helge var med oss denne helga og gjorde ein utmerket jobb "bak spakane" som erstatning for Ole.



200810261436

Middag på sundag. Fløtegrattisar og oksekjøtt m/tilbehør. Heilt fantastisk!!




200810261408

Eit lite fotoeksperiment langs elva. Mange takk til Kenneth Syvertsen som var villig til å ta bilete av gjengen.



200810261415

Noko rart skjular seg i lia. Hmm.. kva var det me såg tru?



200810261419

Alf Helge var tydelig ivrig etter å hoppa i fossen. Det ville ikkje Øystein tillate.



Mange takk for at me fekk invitasjon til å koma denne helga. Om me har bemanning til neste år, stillar me gladeleg igjen.

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Til helga reiser me i BSK på mannsmøtet til Tonstadli. Det gler me oss voldsomt til, og håpar og trur det vil verta ei helg med mykje god forkynning og god sang.

I tillegg har eg fått nokre hint om at maten vil verta ein framtredande faktor under denne helga. Så alle mannfolk med respekt for seg sjølve burde jo eigentleg delta denne helga. Sosialt samvær er og viktig, og det kjem utvilsomt til å bli mykje latter og drøs. Volleyball om nattå feks!:)

Til alle menn: still opp, dette vert gøy!


img0002

(Beklagar størrelsen på programmet, men dykk med skarpt syn klarar kanskje å tyda det)



Emmaus-møta

Hvis ein går inn på www.beroa.org kan ein både høyra tale og song frå Emmausmøta som BSK deltok på.

Friluftsgudsteneste på Stavtjørn 31/08- 08

Det vart ein verdig avslutning for den siste sumardagen i året 2008. Friluftsgudstjeneste på Stavtjørn stod for tur. Noko tilsvarande hadde me aldri vore med på før, så me var ikkje seine om å takka ja når forespørselen låg på bordet. Me reiste opp i halvskya ver og 14- 15 plussgrader. Det var litt vind som baud på visse utfordringar når pianistar skulle lese noter, men elles gjekk det veldig greit.

Eg må seie det var noko spesielt å sitja å lytta til Guds ord i fri natur. Det som han har skapa for at me skal få utfolda oss i, det var fint. Og akkurat i det presten skulle byrja med talen så bikka sola over åskammen. Kunne ikkje verta betre.



img1834'

Ein imponerande mengde med godtfolk hadde teke turen til Stavtjørn denne fine dagen.





img1849

Her syng med for heile stavtjørn, med presten skimtande i bakgrunnen. (vikarierande prest forøvrig)



img1851

Jon G stødig som få. Sjølv utan noter trakterte han pianoet som han pleier.



img1859

Søskenbarn Solveig m/ mann. Navn på mann: Oddvar Z, tidligar syngjande tenor i BSK.


img1861

Øystein i steget. Alltid på veg til eit eller anna.


img1862

Fritjof hadde høyrt rykter om ein brus utan om det vanlege. Ein pærebrus som ikkje var å oppdriva på desse kanter smakte usannsynleg godt, og det var det fleire som visste å utnytta.



img1856

Her sit opphavsmannen til den gode brusen. Forteljinga seier at Jon og Bente reiser til sunmøre kvar sumar for å hamstra inn denne sjeldne pærebrusen.



img1864

Birgitte prøvar ut alskens nye positurar for å få det perfekte blinkskudd


img1866

Etter gudstenesta var det sporlek. Der var det fleire som hang seg på. Eg måtte ta avgarde då eg skulle gå over heia tilbake igjen. Her er eg på veg opp skitrekket. Og eg nyttar difor høve til å slengja med nokre blinkskudd frå turen.


img1875

Ein blom..:)


img1883

Ei drua..:)


img1892

Ein blom atmed ein bekk..:)


img1916

Utsikt utover heia!


img1923

Denne lille krabaten vart nok litt skuffa då eg ødela nettet som han så fint hadde laga.


img1929

Snart nede ved bilen som stod og venta på meg. Ein fin tur var det!

Oversikt opptredenar 2008 (oppdatert 18.08)

Haust 2008

Fre/lør/søn   24- 26/10   Mannshelg med NLM på Tonstadli.

--------------------------------------------------------------------------------------------------

Søndag     02/11   Syngja på Bjerkreim bedehus kl 1900

Fredag      21/11   Syngja på julemesse på Brusand kl 1900

----------------------------------------------------------------------------------------------------

Lørdag      13/12   Syngja på Fotland,  Bryne kl 1930

----------------------------------------------------------------------------------------------------

2009

Dessverre så er BSK i den knipa at 2 av medlemmane skal i militæret over nyttår. Det vil seia at me må ta oss ein pause. Kor tid me kjem tilbake kan eg ikkje seia, men at me kjem tilbake er eg ganske sikker på.


BSK på Lura bedehus fredag 08.08.08

Me reiste til Sandnes nærare bestemt Lura denne fine fredagskvelden. Der var det emmausmøteveke, og me var så heldige å vera invetert.

Jon Petter Nordbø haldt ein bibeltime for oss fyrst der han snakka om kor rike me er me som har Jesus. Det var fint å høyra på. Me fekk etter kvart sleppa til, og etter den fyrste delen av møtet var det pause. Der hadde dei varta opp med hamburger, saft og kaffi. Det smaka godt. Me fekk det gratis til og med, det var stort.

Etter pausen haldt Erling Yrkje ein innhaldsrik og tankevekkjande tale. Noko av det han snakka om var ungdommen. At me må lytta til kva Gud har å seia oss, fylgja det og stola på han.
Så fekk me syngja litt igjen og så var møtet slutt.


img1646

Kjetil var heime, men som de ser så er han ikkje blant oss her. Uvanleg mange som kunne vera med denne kvelden, og det er jo alltid kjekt. Ein goe gjeng!:)



img1647

Men her var han jo. Jon Gunnar kunne ikkje vera med denne kvelden, så då måtte Kjetil steppa inn på piano. Sang gjorde han og. Den mannen sluttar aldri å imponera. Men me sakna deg Jon, så neste gong må du vera med.


(beklagar dette innlegget kom noko seint på trykk)

BSK på Bibelcamp Evjetun 10- 13/07

Eg hadde vore på evjetun ei gong tidligare i forbinding med sørlandsturneen me hadde i fjor. Det var eigentleg då ideen dukka om, om at me kanskje skulle invitera oss sjølve ned bibelcampingen om sumaren. Heldigvis fekk me lov å koma.:)

Evjetun har etter mitt inntrykk å bedømma vore ein fantastisk plass og tilbringa nokre dagar av ferien på. Alt frå omgivnad, til trivelege menneske, og gode aktivitetstilbod. Men framfor alt, god forkynnelse frå talarar og andaktshaldarar og mykje god sang og musikk. Der fekk me utfolda oss, og det satte iallefall eg umåteleg stor pris på. Lovprisning til Gud gjennom sang gir meg mykje.

Det var ikkje berre BSK- arar frå som var med oss denne helga. Både venner, familie ++ frå Bjerkreim hadde teke turen for å ha ei kjekke helg i lag. Tommy og Anette + Ingeborg og Kai Tore hadde med seg ein giga lavvo som dei fyrte i om kveldane. Der hadde me ein koseleg kveld med tralling og sang på fredagskveld/ natt..:)

Øystein, Fritjof, Kjell Arne, Magnus, Alf Helge ++ hadde med seg den styggaste overnattingsfarkosten eg har sett på lang tid. Det var ein såkalla kombicamp. Av de som kjenner til kva det er, så er det ikkje til samanlikning til korleis denne såg ut. Der overnatta dei alle fem. Om den såg stygg ut, så skal ikkje eg uttala meg for sterkt om komforten, for eg har ikkje testa ut farkosten. Mogleg var det behageleg.

Meg, Jon Gunnar (keffø) Bente, Kjetil, Linn og Ole Arnfinn overnatta i campingvogn. Det var overmåte behageleg. Sjølv om veret ikkje var av beste sort, så gjer ikkje det noko så lenge me har ei campingvogn.

Bilete:

img1176

Frokost i det fri!



img1179

Ein svolten Jon Gunnar som svelge ei skjeva "igjø" munnen. Keffø då?




img1180

Linn varta opp med mat heila helgå! Kva skulle me gjort utan deg.:)




img1187

Sosialt samvær i lavvoen med drøs og sang.




img1191

Her er ikkje Ole heilt med. Seint for ein sleten mixar!




img1192

Men Øystein derimot, han var våken og klar for nattas utfordringar!:)



Fleire bilete kjem utover i uka, med rafting, opptredenar, sporlek, osv.




Randaberg 22.06.2008

Denne fine sundagskvelden reiste me til Randaberg for å syngja. Me var berre 4 stk då Øystein var på mini- UL, medan Ole og Fritjof var på Krfu konferanse. Men me har funne ut at me klarar oss godt sjølv om me berre er 3 songarar.  


img0991

Her står me og heng under oppvarmingssekvensen før møtet. Bente og lydmannen til venstre fylgjer spent med..:)


img0993

" Dæ va eit sinnsjukt godt flygel", kom det frå okkas eminente pianist, og det kan eg vera med å skriva onna på.


img0997

Her er me i aksjon under møtet.



Etter møtet vart me invitert heim til foreldra til Siri (damå, elle snart kånå t Rune). Der fyllte litlesyster t Siri 18 år, og me va tydeligvis hjarteleg velkomne. Me åt vilt møje kaffimat for det vart me nesten påtvingt t å gjera. Kaga og kaffi og kvartfinale mellom Spania og Italia, det kunne ikkje blitt bedre.

Utruleg kjipt at eg ikkje hadde meir batteri igjen på kamera, då sko eg vist dokke som ikkje va med, gjestefridomen i det huset, for den va stoor..!!

BSK på kretsmøtet NLM 07.06.2008

Eg har litt dårleg erfaring med å syngja i store lokaler, og sikkert mange med meg. Så det var med ein smule bekymring eg entra scenen for lydprøve.
Det skulle visa seg at bekymringane kunne eg leggja langt ifrå meg. For ein fantastisk lyd det var i det rommet. For ein akustikk og for ein stemning. Eg vart overmåte imponert. Er de ikkje einige BSK- arar. Der kan me godt syngja igjen..:) Eller hur?



img0801

Her er me i aksjon under møtet. Det var berre gildt. Lovprisning til Gud får eg enormt mykje igjen for..

Og me ser jo særs så nøgde ut alle i hop.


img0798


Nå hadde me jo med oss ein eigen film- mann (gut), nemleg okkas eminente teknikar Ole Arnfinn. Han delvis lova at filmen som han tok opp skulle han prøva å få lagt ut på bloggen. Så langt i datakunnskapen har ikkje eg kome endå at eg klarar det, men Ole taklar det meste!:) Og det er bra..

Oversikt opptredenar 2008 (oppdatert 06.06)

Sumar/ Haust 2008

Lørdag      30/08   Syngja i bryllup til Arild og dama..:)..i Varhaug kyrkje

Søndag     31/08   Friluftsgudsteneste på Stavtjørn kl 1100. Ny prest og greier!:)   

-------------------------------------------------------------------------------------------------

Torsdag    11/09  Syngja på Varhaug kl 1930

-------------------------------------------------------------------------------------------------

Søndag     05/10   Syngja i Sokndal kl 1800 (usikker på tidspunkt)

Lørdag      11/10   Syngja på laurdagskveld på bedehuset kl 1800

Fre/lør/søn   24- 26/10   Mannshelg med NLM på Tonstadli.

--------------------------------------------------------------------------------------------------

Søndag     02/11   Syngja på Bjerkreim bedehus kl 1900

Fredag      21/11   Syngja på julemesse på Brusand kl 1900

----------------------------------------------------------------------------------------------------

Lørdag      13/12   Syngja på Fotland,  Bryne kl 1930

----------------------------------------------------------------------------------------------------

2009

Her har det allerede tikka inn fleire forespørslar. Er ikkje heilt avklarte endå!


PS! Øvingar tek me før opptredenar. Det vert i tillegg kalt inn til øvingar når eg har fått x antall forespørslar.

Øving på bedehuset fredag 06.06.08

Og som de adle ser, Kjetil hadde endeleg prioritert å koma heim ei helg. Eg veit ikkje om det var pga ei oppsett øving eller bryllupet som trakk han heim for helgå, men eg held kanskje ein knapp på sistnevnte.

Uansett, det går unna nå fyrst han set i gang med sine velutvikla musikalske evner. 2-3 nye songar på ein øvingskveld vert ofte resultatet


img0792

Kjell Arne; i morgon (lørdag) tar du på deg litt meir klede..;)


img0789

God stemning!


img0791

Eg håpar dette aldri vert ein realitet i BSKs historie. Det skal eg sørgja for så lenge eg er leiar. Men det er lov å flørta med tanken Øystein, utan at me skal gå så mykje lenger enn det..:)

Det vart og tid til litt drøs og sjokkis i det fina sumarveret etterpå.

Ein effektiv og god øvingskveld!

1. Mai møtet på Tryggheim


Her er gjengen under "oppvarmingssekvensen" før møtet. Så veldig mykje oppvarming ser det ikkje ut til å vera i dette tilfelle, men det var det som var planen. Undrande står me over trommene og lurar på når dette instrumentet vert teke i bruk.

img0732


Øystein Meling leda møtet og held her nokre innleiande ord.

img0733


Johannes Kleppa, redaktør i Dagen holdt tale. Han snakka om temaet "avkristning av Norge" og alt som har med det og gjera i dagens samfunn. Meget interressant og høyra på, som gav meg ein liten vekkar.

img0734


Her er me i aksjon. Mykje folk i benkjeradene.

img0738

Fjelltun!

Me reiste inn til Fjelltun på Sundag. Det var eit fint møte, med mykje folk. Etter møtet vart det og tid til ein god drøs med noko attåt.


img0656


No har det seg slik at innlegg på denne bloggen ofte i kortheit omfattar opptredenar med songarane i sentrum (biletemessig).

Eigentleg så gløymar me (eg) ofte dei to viktigaste. Nemleg Ole Arnfinn og Jon Gunnar.
Ole kan me somme gonger klara oss utan, men det er berre så vidt.
"Jonny G on the piano", er ein trufast kar. Han stillar alltid opp, uansett ver og føre..:)

Med andre ord, eg lovar eg skal verta ein flinkare fotograf.

 
2.Mos 15.2       Herren er min kraft og min styrke,
                           og han er blitt min redning.
                           Han er min Gud, ham vil jeg love,
                           min fars Gud, ham vil jeg lovsynge
.

BSK på bedehusjubileum

Barnekoret, musikklaget, Bjerkreim syngjande kameratar og ungdomskoret var syngjande representert på denne kvelden. Mangfaldet i Bjerkreim er stort og det er kjekt å vera ein del av.

Anna Bakke holdt eit opningsord. Oddmund Brundtland tala til oss og Terje Slettebø representert frå Indremisjonen var og på talarstolen og haldt ei helsing. Me fekk også sjå ein film frå bygginga på ca ein halvtime. Det var morosamt å sjå. Mange gode kommentarar frå dugnadsgjengen.;)

Bedehuset var heilt fullsatt, og eg har ikkje vore på tilstelningar der det har vore meir folk. Og maten lot ikkje vente på seg då bordverset var ferdig. Eg vart mett!:) Ein gild kveld var det..

img0637

Tur til Kvitsøy - ei perle av ei øy.. (trur eg)

Denne kvelden tok me turen til Kvitsøy. Me måtte ofra nokre timar frå jobben nokre av oss, då ferjå frå Mekjarvik gjekk kl 1645. Men for ein velkomst på andre sidå. Der stod Johannes (kompis av Øystein) klar på kaien. Han tok oss med til næraste hus der me fekk servert den beste lasagnen eg har fordøyd på ei stund. Takk for stor gjestefridom, det set me stor pris på.




img0312 

Linn(bak Birgitte) vart med på turen som henholdsvis sjåfør og fotograf. Glimrande jobba begge to!:) Turen over fjorden vart nok i hardaste laget for Birgitte. Bølgjene herja visst tydeligvis litt for mykje med baguetten ho tidlegare hadde ete på båten. No tek eg kun utgangspunkt i bilete (såg litt forkomen ut), og om dette resonnementet ikkje skulle stemma så kan du gje di proteststemme under kommentar.:)





img0314

Her sit okkas eminente pianist saman med.. NÆMEN.. hmm - er det ikkje "turne- Johannes"?? (vart litt feil formulert med tanke på apostrof over e:)
Bra innsats Johannes. Me får ta øving på sikt.
Jon Gunnar handterar pianoet, som alltid, med stil og eleganse.




img0321

Eg vil rangera Kvitsøy blandt topp 3 plasser det var lett å syngja på. Og sjølv om me berre var 4 stk så klang det mycket bra..





img0317

Kjell Haaland holdt tale denne kvelden. Det er alltid inspirerande å høyra han tala Guds ord.





img0331

Etter møtet vart det god drøs og kaffi!





img0333

Me var begge einige om at kaffien, ja den var fortreffelig! Og drøsen satt sjølvsagt laus.





img0341

Kjell Haaland var også ivrig deltakar på bordtennisturneringa som vart arrangert i "drøsesalen"..:) Det er ingen som kan måla seg med Haaland`s bevegelsar når det gjeld innleving i rolla!

Å kor rik eg er

Å, kor rik eg er, eg har Jesus!
Eg for Gud er kjær gjennom Jesus.
Eg har Gud til far, himmelarv eg har.
Å, kor rik, å kor rik eg er! 

Å, kor trygg eg er, eg har Jesus!
Heim til Gud eg fer, takk skje Jesus.
Er eg veik og arm, han er sterk og varm
Å, kor trygg, å kor trygg eg er er! 

Å, kor rein eg er, eg har Jesus!
Rettferdsskrud eg ber, takk skje Jesus
Kvar ein syndeflekk blodet vaskar vekk
Å, kor rein, å kor rein eg er! 

Å, kor glad eg er, eg har Jesus!
Alltid nok eg fær, takk skje Jesus.
Bort med sorg og sut, gleda syng eg ut.
Å, kor glad, å kor glad
Å kor glad , å kor glad     
Å kor glad, å kor glad eg er  
Les mer i arkivet » November 2009 » Juli 2009 » Mai 2009
BSK

BSK

5, Bjerkreim

Ein gjeng med syngjande kameratar frå Bjerkreim som synger om det viktigaste: Jesus Kristus, vår Frelsar. Kontakt Kjetil Apeland, tlf: 93868549 for forespørslar.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits